Fast stilling - kulturhusmedarbeidar 50 %
Arbeidsområde:
Kulturhusmedarbeidaren skal vere med på å vidareutvikle Stryn kulturhus som eit kulturelt knutepunkt og ein aktiv sosial møtestad.
Næraste overordna er leiar av kulturhuset. Kulturhuset høyrer under skule- og kulturetaten.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
-
Programmering og booking i samråd med leiar ( kino, artistar m.v)
-
Ansvar for klargjering av kultursal, foaje og møterom i kulturhuset
-
Scenearbeid
-
Kaffibar
-
Marknadsføring og sal
-
Diverse utviklingsarbeid i samråd med leiar
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Krav om fagbrev / høgskuleutdanning
- Personlege føresetnader, god samarbeidsevne og relevant praksis vert vektlagd
Vi kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning i KLP
For stillinga gjeld:
-
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
-
Lønn etter avtale. Den som vert tilsett vil gå inn i turnusplan på kulturhuset med arbeid både på dag, kveld og helg.
-
Det må leggast fram politiattest av ny dato
Skann inn attestar og vitnemål og send dei inn samstundes med søknaden.
Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du ta kontakt med personalavdelinga.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kåre Bruvoll Alme, Tlf: 94277853
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Tronheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.