Me treng
Då ein av våre fysioterapeuter skal ut i svangerskapspermisjon har med ledig 100% vikariat som fysioterapeut i Etne kommune, i perioden f.o.m. 01.04.22 t.o.m. 01.04.23. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver:
Som fysioterapeut i ein liten kommune får ein ta del i eit vidt spekter av oppgåver som vil kunne variere og endre seg over tid.
Kommunale fysioterapeutar har oppgåver knytt til førebyggjande, helsefremjande og kurativ verksemd. Som fysioterapeut vil ein både ha individuell og gruppebasert behandling (sal/basseng). Behandlinga føregår på instistusjon, i private heimar samt i behandlingslokaler både i Etne og Skånevik. Hjelpemiddelformidling er også ei viktig oppgåve.
I stillinga har du ansvar for friskliv og koordinerer frisklivstilbodet. (ca10-20% av stillinga)
Tenesta har god fagleg kompetanse og tilsette med lang erfaring. Du vil jobbe i team med fysioterapeut og ergoteraeput i tillegg til at du deltek i andre tverrfagleg møter.
Kvalifikasjonar:
- Krav om autorisasjon som fysioterapeut.
- Ønskeleg med erfaring i motiverande intervju
- Erfaring frå kommunal fysioterapiteneste er ønskeleg.
- Kjennskap til lokal fysioterapidrift er ønskeleg.
Eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
- Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene
- Gode kommunikasjonseigenskaper
- Fleksibel
- Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Annan informasjon
- Politiattest må framleggjast før oppstart i stillinga.
- Førarkort klasse B.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad