Er du Vossestrand sin nye pedagogiske leiar og miljørettleiar/fagarbeidar?
Voss herad Vossestrand barne- og ungdomsskule
Voss tinghus, 5736 Granvin
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som pedagogisk leiar og miljørettleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ledig stilling frå 01.05.24
Om arbeidsstaden
Vossestrand barne-og ungdomsskule er 1-10 skule som ligg 19 km frå Voss sentrum. Skulen har 150 elevar og 29 tilsette. Me har 30 elevar som nyttar tilbod i sfo. Skulen har eit flott uteområde med plass til varierte aktivitetar. Me har kunstgrasbane og ballbinge.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til SFO:
- Ansvar, drift og utvikling av SFO
- Fagleg utvikling og oppfølging av personale i det daglege
- Innkjøp
- Foreldresamarbeid
Oppgåver knytt til skule:
- Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø
- Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar
- Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
- Vere fleksibel i arbeidet
- Vere ein omsorgsfull rollemodell
Kvalifikasjonar:
- Fagleg kompetanse: 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
- For SFO stillinga kan anna kompetanse bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Me søkjer ein engasjert og dyktig person
- Me søkjer ein person med god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og erfaring frå arbeid i skule eller anna arbeid med born.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608673
- Sist endret
17. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3324817_212969_nn