Agder fengsel, Evje avdeling - Verksbetjent
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling har behov for to faste verksbetjentar som kan jobbe som miljø- og fagarbeidar hos oss. Me er eitt fengsel med 30 plassar for kvinner som soner med lågare sikkerheit (open soning).
I jobben som verksbetjent jobbar du i hovudsak med å gje dei innsette sosialt fellesskap, sysselsetting, aktivitet og meistring gjennom aktivitetar inne og ute. Eitt av hovudmåla i Kriminalomsorga er at alle innsette skal ha eit aktivitetstilbod på dagtid. På Evje avdeling kan du sjølv vere med å påvirke kva aktivitetar me kan tilby, men det kan eksempelvis vere aktivitetar innan fagområdet matfag, kantinedrift, drivhus, enkelt vedlikehald, reinhald, handarbeid, treverkstad, utearbeid m.m.
Som verksbetjent inngår du i arbeidsdrifta på fengselet, som også samarbeidar med vidaregåande skule når det gjeld utdanning, undervisning og aktivisering av dei innsette.
Ein verksbetjent må ha evne til å leie opplæring, sysselsetting og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjersler innan eige arbeidsområde. Verksbetjenten skal ha evne til sikkerheitstenking, grensesetting og konfliktløysing samt vere ein samtalepartnar og rettleiar for dei innsette.
Arbeidsoppgåver
- leie og delta i aktivisering, opplæring, oppfølging og rettleiing av innsett
- vere arbeidsleiar for ei gruppe innsette innan ulike fagområde
- bestille forbruksvarer til verksdrift
- delta på morgonmøter med innsette og tilsette og eventuelt andre relevante møtearenaer
- journalføre opplysningar og observasjonar frå arbeidsdagen på PC
- motivere, rettleie og instruere innsette i arbeid og gje tilpassa opplæring i samarbeid med skulen
- utføre arbeid og produktutvikling saman med innsette
- vere ein god rollemodell og ta initiativ i gruppa
Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant fagbrev og erfaring innenfor eitt eller fleire område (eksempelvis restaurant- og matfag, reinhald, gartner/anleggsgartner, byggfag, sveis, elektro, kunst og håndverk, søm osv.)
- relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy
Det er ønskelig at du har
- meir enn 5 års relevant arbeidserfaring
- erfaring fra å leie og/eller undervise grupper
- erfaring med å jobbe med mennesker i utfordrende livssituasjoner
- fararkort klasse T og BE
Den som vert tilsett må gjennomføre fire dagar med intern opplæring i fysisk maktanvendelse, delta på gjennomgang og presentasjon av kriminalomsorga samt gjennomføre kriminalomsorgen si verksbetjentutdanning. Du må kunne levere godkjent utvida politiattest.
Personlige egenskaper
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til tryggleikstenking, grensesetting og konfliktløysing
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk
- like å jobbe med menneske med ulike utfordringar i ein vanskeleg livssituasjon
- tenke kreativt og finne passande aktivitetar for ulike fungeringsnivå
- du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evne til å motivere andre
- pågangsmot og gjennomføringsevne
- evne til å handtere stress og krevjande situasjonar
- lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar som passer til stillinga vert vektlagt
Me tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- arbeidsveke måndag til fredag på dagtid
- treningsfasilitetar for tilsette, pendlarbustad samt parkeringsmulegheiter for vanleg bil og lading av elbil
- stillinga vert løna som verksbetjent frå ltr. 41- ltr. 57 kr 443 000 – 557 100 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. Det vert trukke 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorgens verdisyn. Våre verdiar er: Tryggleik, openheit og nytenkande.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å vere unntatt søkarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve anledning til å trekke søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og me oppfordrar kvalifiserte kandidatar med ulik, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss. Kriminalomsorgen jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsettingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Me gjer merksam på at dersom søkar opplyser om nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en», kan opplysninga nyttast til registreringsformål. Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som vert bestemt om arbeidsområdet.
Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med fung. inspektør Ragnhild Nomeland tlf: 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV skjema kan Jobbnorge kontaktes på tlf. 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Agder fengsel med avdelinger i Mandal, Froland, Evje (kvinner) og Kristiansand (overgangsbolig) har tilsaman omlag 345 plassar og omlag 350 tilsette. Agder fengsel er det første fengselet i Noreg som er bygd etter standardisering og skal tilby innsette og tilsette moderne digitale hjelpemidlar i kvardagen. Einingane drivast etter normalitetsprinsippet og har aktivitetsplass for samtlege innsette. Fengselsundervisninga skal ha det breiaste undervisningstilbodet i landet. Agder fengsel sin visjon er "Med fokus på fremtiden".