Tilretteleggingsressurs i Sjydnahaugen barnehage
Oppvekst
Øvre Vik 5, 5610 Øystese, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilretteleggingsressurs i Sjydnahaugen barnehage
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Sjydnahaugen barnehage har ledig 100 % stilling som tilretteleggingsressurs for eitt barn. Dette er jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver. Stillinga er ledig frå januar 2025 - 31.07.2025, med moglegheit for forlenging.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Sjydnahaugen barnehage er ein fire-avdelings barnehage som ligg sentralt i Øystese sentrum. Barnehagebygget er nytt og har gode fasilitetar. Me er opptekne av å førebygga trygt og godt barnehagemiljø og har fokus på aktive vaksne i uteleiken.
Arbeidsoppgåver
- Bidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
- Ansvar for dokumentering av arbeidet
- Vera ein trygg vaksen
- Samarbeida med kollegaer
- Samarbeida med foreldre og eventuelle eksterne samarbeidspartar
- Motta og følga opp rettleiing
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Delta i avdelingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan barnehage
- Anna yrkeserfaring og utdanning kan vurderast
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Legg gjerne dette inn saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Vidare ynskjer me at du:
- Er pliktoppfyllande og stabil
- Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra
- Har godt humør og positiv innstilling
- Møter born, kollegaer og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Opplæring
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Kontaktinformasjon
Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
Arbeidsstad
Øvre Vik 55610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4893675969
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ingunn Mo
Leiar for barnehage
+47 997 38 755
Torunn Agnete Sørheim
Styrar Sjydnahaugen barnehage
95026183
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807909
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab62dd8f50c748dc8a6ea43e84f70e30