Rådgjevar/seniorrådgjevar – barnevern
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - barnevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Er du ein jurist som blir motivert av meiningsfulle oppgåver med stor verdi for enkeltmenneske? I denne stillinga får du varierte oppgåver med tilsyn på barneverninstitusjonar og saksbehandling av klager.
Vi søkjer deg som har god kjennskap offentleg sektor og interesse for saksbehandling.
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledige stillingar som jurist, i seksjon sosial og barnevern. Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver, og fører tilsyn med barneverns-, helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Vi har også tett kontakt med kommunar, regionale og nasjonale styresmakter, mellom anna. Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader i Leikanger og Bergen. Fylkeslegen leier avdelinga, som har tilsette med kompetanse innan barnevern, helse- og sosialfag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Kontorstad for denne stillinga er Bergen. Vi søkjer inntil to juristar i fast stilling og inntil to juristar i vikariat. Det er aktuelt med tilsetjing både i Leikanger og i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert og inneber samarbeid på tvers av fagfelt. Oppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak tilsyn på fagområdet barnevern, behandling av saker, rettleiing og informasjon til brukarar, tilsette og leiarar i tenestene. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla kompetansen i avdelinga.
Aktuelle oppgåver er
- tilsyn med barnevernstenester og institusjonar
- barnevernsfaglege vurderingar i enkeltsaker og klager
- råd og rettleiing til kommunar, institusjonar og enkeltpersonar
- rettleiing i form av møteverksemd, innlegg på konferansar m.m.
Kvalifikasjonar
- juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- relevant erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har god evne til fagleg refleksjon
- kan ta eit leiarperspektiv
- har god arbeidskapasitet og er fleksibel
- er god på nært og tverrfagleg samarbeid
har evne til systematisk og sjølvstendig arbeid
Du må ha god munnleg og skriftleg formidlingsevne på både nynorsk og bokmål.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig