Korttidsseksjonen,Volda Omsorgsenter har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiarar
Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 2 faste st for sjukepleiar
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide på Volda kommune si aktive og spennande korttidsavdeling. Og som er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Korttidsavdelinga inneheld ordinær korttidsfunksjon samt øyeblikkelig hjelp funksjon både innan somatikk og psykiatri. Autorisert vernepleiar kan og søke.,
Vi søker etter deg som synes det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden.
Vi har tett dialog med fysio-/ ergorterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor
Vi arbeider miljø retta, der du i møte med pasienten er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meningsfylt kvardag for pasientar og pårørande.
Vi har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiar på korttidsseksjonen, ved Volda Omsorgsenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. Oppgi evt kva stilling % du ynskjer i søknaden
Arbeidsoppgåver
- Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
- Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
- Omsorg ved livets slutt.
- Tett pårørande samarbeid.
- Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
- Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
- Fokus på aktivitet og sosialisering.
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
- Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
- Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
- Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
- Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
- Du er fagleg engasjert, positiv og sett pasienten i sentrum.
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
- Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
- Du har lyst til å bidra til utvikling.
- Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
- Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens korttidsseksjon".
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
- Engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
- Regelmessig internundervisning.
- Gode pensjons og forsikringsordningar.
- Vi vil gjere tilsetjingar fortløpande.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noElsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4833546443
Stillingsprosent: 100, 85%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2689578
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
034f24017fbf4bb3b865862d56c06af7