Ullensvang kommune søker trainee: i avdeling for forvaltning og koordinering
Framtidsfylket AS
Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. mars
Ein karrierestart med meining
Som trainee hjå oss får du jobbe med sakshandsaming innan helse og omsorg. Arbeidet spenner frå enkle vedtak til komplekse saker som krev kartlegging og samarbeid på tvers av fagmiljø. Dette er ei stilling for deg som vil lære og vekse. Har du utdanning innan helse eller jus, vil det vere ein fordel, men det viktigaste er at du er lærevillig og engasjert.
Arbeidsoppgåver- Sakshandsame og utgreie søknader om helse- og omsorgstenester
- Rettleie søkarar og pårørande om kommunen sine tilbod og tenester
- Bidra til auka fokus på helsefremjande og førebyggjande tiltak
- Helse- eller sosialfagleg utdanning/erfaring
- Interesse for sakshandsaming
- Krav til norsk framstillingsevne. Minimum B2 munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Som ein av årets traineear seier: Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Eit tett miljøPå Tildelingskontoret får du 3 dyktige og trivelege kollegaer. Vi sit saman med staben for helse og omsorg i eit kontorfellesskap med totalt 12 personar. Her møter du eit fagleg sterkt og varmt miljø. Vi støttar kvarandre og veit å ha det kjekt saman.
- Vi tilbyrSpanande arbeidsoppgåver med stort potensiale for utviklingMeiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdragJobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbodLøn etter avtaleUllensvang kommune har fleksibel arbeidstid, gode permisjons- og pensjonsvilkår og fokus på nærværsarbeid.Lev ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har våre eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Kven kan vel seie nei til å byte rushtrafikk mot rolege morgonar, bystress mot frisk fjelluft, og tronge kontorlandskap mot eit sosialt fellesskap?
Vi ser etter deg som har lyst til å skape, bidra og lære. Du som vil starte karriera di på ein stad der du ikkje berre er ein arbeidstakar, men ein ressurs.
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune? Søk no, og start karrieren din på beste vis!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogramÅ starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
- Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2025 til august 2026.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2815012
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
ca2a52bd-14a5-4e20-8680-88bab184eb7c