ID 2203 Teiknspråklærar - Nysæter ungdomsskule
Stord kommune
5410 Sagvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Teiknspråklærar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Nysæter ungdomsskule har frå august 2024 om lag 30 tilsette og 220 elevar fordelt på 8.-10. trinn. Skulen har dei siste åra gitt tilbod til elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk.
Nye Nysæter ungdomsskule/kultur- og idrettspark vart tatt i bruk i januar 2023. Uteområdet vil verta ferdig i løpet av sommaren. Dette er eit av dei flottaste skuleanlegga på Vestlandet, med alt som trengs i ein moderne utdanningsinstitusjon. Personalet er opptatt av samarbeid og utviklingsarbeid, og har hatt fokus på klasseleiing, relasjonsbygging og variert organisering av opplæringa for å få til best mogleg tilpassa opplæring og eit godt og trygt skulemiljø for alle elevane. Mål, utprøving, erfaringsdeling og justering er stikkord i dette arbeidet. Personalet er eit godt kompetent lag som saman dreg lasset i same retning.
På den nye skulen samarbeider me godt med andre brukarar; folkebibliotek, idrettslag, skulekorps med fleire. Målet er at skule/ kultur- og idrettspark skal verta eit samlingspunkt i kommunen med liv og røre frå morgon til kveld.
Det er ledig fast 100% stilling som teiknspråklærar frå 01.08.24.
Stillinga inneber oppfølging av elev med rett til opplæring i og på teiknspråk. Skulen har eit fagleg samarbeid med Statped i Bergen som har ansvar for delar av opplæringa.
Kvalifikasjonskrav:
- Pedagogisk utdanning
- 60 studiepoeng innanfor teiknspråk.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Trude Aamot tlf. 53409753/96047975.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med 19 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med flygingar til Oslo. Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv. Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2659544
- Sist endret
10. juni 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
15394be4-5f14-4ee6-bfad-a83191da0b88