Ekstrahjelp Nordfjord Folkemuseum
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Gota 16, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ekstrahjelp Nordfjord Folkemuseum
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Med oss fer du rikare!
Vi søkjer deg som vil bruke litt av tida di som ekstrahjelp på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Kanskje er du kulturinteressert pensjonist som likevel ikkje kjenner deg heilt ferdig med arbeidslivet? Eller kanskje vil du rett og slett prøve å gjere noko heilt anna enn det du til vanleg arbeider med?
Som ekstrahjelp vil du få bidra til å oppnå målet vårt om at alle som er innom oss fer rikare. Du får gleda av å bli kjend med eit tradisjonsrikt museum, dyktige og engasjerte medarbeidarar, og besøkande som søkjer kunnskap og opplevingar.
Om stillinga
Som ekstrahjelp på Nordfjord Folkemuseum vil du ha ei vertskapsrolle i samband med arrangement og dagar med gruppebesøk på museet. Aktuelle oppgåver er:- førstelinjeteneste i resepsjon (telefon og billettsal)
- salg og varehandtering i butikk
- enkel matlaging og salg i kafeen
- rigge og rydde i samband med arrangement
- enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
- vakt-/låserunde i museet
- enkle reinhalds- og skjøtselsoppgåver
- er fødd seinast i 2006
- er flink til å uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
- trivst i ei vertskapsrolle
- har interesse for museum og kulturhistorie
- tilpassar deg og trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
- stiller opp og er til å lite på
- har ordenssans og får ting gjort
- kan arbeide sjølvstendig
Som ekstrahjelp vil du ikkje ha faste arbeidstider, men vi tek kontakt med deg for å gjere bindande avtale når vi har behov for di arbeidskraft. Oftast treng vi hender og hovud i samband med arrangement på kveldstid og i helg, men det kan også vere aktuelt med dagtid og vekedagar når vi får besøk av grupper. Du vil få opplæring på museet i forkant av di første vakt.
Om bedriften
Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I 2023 gav vi nær 50.000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta middelalterloft, eksport av kvernsteinar heilt tilbake til vikingtida og Lord Slingsby sine ekspedisjonar, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Sektor
Offentlig
Nettsted