To ledige helgestillingar som kokk/kokkemedarbeidar i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Ledig 2 x 18% fast helgestilling som kokk/kokkemedarbeider på Bråvolltunet
Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg aust er ei samordna teneste. Sjukeheimen, Bråvolltunet , har 16 langtidsplassar og 2 korttidsplassar, kjøken og dagtilbod. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasientar. Kjøkenet lagar mat til pasientane på institusjonen og til heimebuande, og er opptatt av at maten er variert, næringsrik og god. Ynskjer du å arbeide i eit godt arbeids- og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver, håpar me du søkjer jobb hjå oss.
Arbeidsoppgåver:
- Lage og tilberede alle måltid; frukost, lunsj, middag og kvelds. Både til kvardag og fest
- Ernæringsarbeid
- Pakke middag til heimebuande
- Bake
- Lage meny i samarbeid med fagleiar
- Kunne nytte ressursane kjøkenet har, på best mogeleg måte
- Reinhald
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Arbeide etter dei økonomiske rammene tenesta har
Ynskte kvalifikasjonar:
- Fagbrev som kokk, men søkjarar med lang erfaring utan formell utdanning, kan bli vurderte
- Brenn for norsk tradisjonsmat
- God kunnskap innan ernæring, og veta kvifor rett ernæring er viktig
- God datakunnskap
- Kjennskap til ik-mat/ haccp
- God skriftleg og munnleg norskkunnskap
Personlege eigenskapar:
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Kreativ
- Endringsdyktig
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter hovedtariffavtalen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- God opplæring
Krav:
- Politiattest
- Godkjend tuberkulinstatus
Stillingane er ledige frå dags dato.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794413
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3429881_190579_no