Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?
Vindafjord kommune Ølen skule
Litlehagen 15, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. januar
Er du vernepleiar, sosionom eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng ein person i 60 % ved Ølen skule, stillinga er ledig frå snarast. Vikariat fram til juli 2025, kan bli forlenga.
Hovudarbeidsoppgåver:- Ha medansvar for elevar på ungdomstrinn
- Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
- Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elev
- Anna arbeid kan bli relevant
- 3 årig relevant høgskuleutdanning som er retta inn mot barn og unge
- Anna relevant utdanning/erfaring vil bli vurdert (blir då tilsett i annan stillingskode)
- Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i Traumebevisst omsorg
- Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring er også ønskeleg
- Du må vera god på samarbeid
- Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
- Løysningsorientert
- Omsorgsfull, trygg og forutsigbar
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
- Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
- Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale.
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814744
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3439737_228561_nn