Drift – og vedlikehaldsarbeidar
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Drift – og vedlikehaldsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Om stillinga
Ved avdeling TML – Teknisk, miljø og landbruk er det ledig fast 100% stilling som drift – og vedlikehaldsarbeidar, i hovudsak knytt til drift og vedlikehald av Masfjorden Sjukeheim og omliggande omsorgsbygg.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåvene omfattar i utgangspunktet drift og vedlikehald av Masfjorden Sjukeheim sine bygg, og omliggande omsorgsbygg, skule, barnehage ol.
- Stå for det daglege ansvaret for organisering og drift av vedlikehaldsoppgåvene ved Masfjorden sjukeheim
- Delta i anna vedlikehald knytt til TML
- Følgje opp og gjennomføre tiltak som er fastsett i kommunal vedlikehaldsplan.
Masfjorden Sjukeheim:
Masfjorden sjukeheim består av 1 bygg med omliggjande omsorgsbygg tilknytt sjukeheimen.
- Utarbeide, gjennomføre og evaluere rutinar.
- Arbeidskvardagen din vil være like mykje ute- og innandørs. Arbeidsoppgåver består i vedlikehald og driftsoppfølging av tekniske anlegg
Omliggande bygg:
- 2 stykk omsorgsbygg med tilsaman 13 bustadar.
- Masfjorden – bu og aktivitetssenter, dagaktivitetssenter med 10 bustadar, ny i 2021.
- Nordbygda skule.
- Nordbygda barnehage.
Arbeid/utrykking på kveldstid kan førekomme.
Arbeidet kan også omfatte drift og vedlikehald av kommunale vatn- og avlaupsanlegg, vegar eller andre anlegg knytt til kommunal eigedom.
Krav til stillinga
- Fagbrev som vaktmeister/tømrar/elektro/mekanikar eller anna fagbrev som er relevant for stillinga.. Anna bakgrunn i kombinasjon med relevant erfaring kan vurderast.
- Kjennskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy er viktig, vant til å arbeide aktivt med digitale verktøy og dokumentasjon.
- Gode samarbeidsevner og motivasjon for arbeidet.
- Førarkort klasse B
- Anna relevant utdanning/erfaring.
- Har positiv tilnærming til arbeidsoppgåvene.
- Arbeider effektivt.
- Likar å samarbeide internt og med andre fagområde
- Tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Eigen beredskapsgodtgjersle.
- God pensjonsordning og fleksibel arbeidstid.
Om oss
TML – Teknisk, miljø og landbruk omfattar både serviceoppgåver, tilrettelegging av infrastruktur og forvaltning, avdelinga har 11 tilsette.
Arbeidsoppgåvene kan i hovudtrekk nemnast slik:
- Forvaltning av kommunale eigedomar.
- Drift, vedlikehald, kontroll og tilsyn med kommunaltekniske anlegg som vegar, vassforsyning og avløpsanlegg.
- Planlegging, bygging, drift og vedlikehald av kommunale bygningar.
- Planlegging og utbygging av kommunaltekniske anlegg i m.a. bustadfelt.
- Arealplanlegging, driftsplanlegging, prosjektoppfølging og byggeleiing.
Avdelinga behandlar saker i hovudsak etter fylgjande lover og regelverk:
- Plan- og bygningslova, Jordlova, Matrikkellova, Naturmangfaldslova og Lov om motorferdsel i utmark.
- Kartlegging, oppmåling og kartinformasjon
- Saker knytt til miljø
- Ajourhald av landbruksregister og gardskart
- Tilskotsordningar i landbruket, fisk- og viltforvaltning
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg Nordhordaland og grenser til kommunane Alver, Modalen, Gulen og Høyanger
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Sektor
Offentlig