Tilkallingsvikarar - Lærarar til skulane Bjørnafjorden
Vil du vera tilkallingsvikar skuleåret 2019/2020?
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular.
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ynskjer å vera med å forma den gode skulen i Bjørnafjorden?
Ynskjer du å ta vikartimar som lærar i skulen?
Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Den einskilde skule vil ta kontakt med deg når dei har behov for vikar.
Arbeidsstad
Skulane i Bjørnafjorden
Arbeidsoppgåver
Arbeid med born i grunnskulen
Kvalifikasjonar
- du har lærarutdanning, eller anna relevant pedagogisk utdanning
- du er student
- har relevant erfaring
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Ønska kvalifikasjonar
Du må ha eit positivt menneskesyn og gode samarbeidsevner, samt interesse for barn og unge.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalkontoret.
Om bedriften
I januar 2020 ble kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst. Vi legg til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.