Vil du ha ei viktig rolle på laget vårt?
ER DU VÅR NYE ØKONOMISJEF?
Stillinga er ledig for tiltreding.
Økonomisjefen er direkte underlagt kommunedirektøren og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Økonomisjefen har overordna ansvar for økonomifunksjonen i kommunen.
Til stillinga ligg også leiaransvar for dei tilsette ved økonomiavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
- sentrale oppgåver som ligg til økonomiavdelinga og som økonomisjefen har ansvaret for: budsjettering, regnskap, rapportering, analyser og finansforvaltning, lønn, fakturering, eigedomsskatt, innfordring og forsikringsavtalar
- følge opp kommunen sin innkjøpsstrategi
- ta initiativ til og gjennomføre organisatoriske utviklingstiltak og prosessar
- opplæring, støtte og rettleiing av leiarar og andre i økonomifaglege spørsmål
- førebuing og presentasjon av saker til politisk nivå, og følge opp politiske vedtak og prioriteringar
- ansvar for kommunen sine økonomisystem (Visma og Framsikt)
- andre oppgåver som naturleg høyrer til stillinga eller kan bli lagt til
Kvalifikasjonar:
- relevant økonomiutdanning på universitets- eller høgskulenivå, fortrinnsvis master, men minimum tilsvarande bachelornivå
- erfaring frå økonomiforvaltning med god innsikt i overordna økonomistyring, regnskaps- og budsjettprosessar (fortrinnsvis frå offentleg sektor)
- leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- evne til å utvikle og forbedre økonomistyringa i kommunen, herunder forbetring av arbeidsprosessar i samarbeid med dei ulike tenesteområda
- god forståing av strategisk økonomiske analyser og prognosar
- stor interesse for og gode kunnskapar om digitale verktøy og utvikling/bruk av desse
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar:
- Gode evner til samarbeid og til å engasjere andre
- Er fleksibel, løysings- og resultatorientert
- Stor arbeidskapasitetog stort engasjement for jobben
- Er analytisk, har evne til å tenkje nytt og har ønske om utvikling
- God til å kommunisere, både muntleg og skriftleg
Vi tilbyr:
- Ei spennande og strategisk leiarstilling i ein positiv og utviklingsorientert kommune
- Mulegheit til å bidra til vidare utvikling av kommunen
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ei slik oppmoding ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort, og få høve til å trekkje søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Stabsfunksjonane til rådmannen er organisert som eiga eining, der ein forutan leiargruppa har Økonomiavdeling, Personal og stab (med arkiv, ekspedisjon/sørvistorg og politisk sekretariat), Næring og utvikling, Digitalisering og IKT og barnehagekonsulent.
Ein stor del av oppgåvene vil vere interne ovafor dei tenesteytande einingane, men også ein god del utadretta oppgåver t.d. i kontakt med næringsliv og innbyggarar elles.