Lærarstillingar - Vikeså skule
Er du pedagog med lyst, vilje og evne til å bidra til positiv utvikling av Vikeså skule?
Det er ledig 35% fast stilling som lærar på Vikeså Skule fom. 01.08.20. I tillegg har vi også ca 300 % ledige vikarstillingar for perioden 01.08.20 - 31.07.21.
Kvalifiksasjoner til stillinga
Vi søkjer etter pedagoger med breiast mogleg fagkompetanse for undervisning i grunnskulen, men oppfordrar spesielt søkjarar med erfaring som kontaktlærar og kompetanse på begynnaropplæring til å søkja. På barnetrinnet har vi særleg behov for faglærararar i engelsk frå 1.-4.trinn, medan ungdomssteget har eit udekka behov innan matematikk og naturfag.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Søkjarar som ikkje har norsk som morsmål, må gjera greie for både skriftleg og munnleg framstillingsevne. Språknivå
blir vektlagt i tilsetjinga.
Bjerkreim kommune tilbyr
* Positivt arbeidsmiljø
* Interessante og varierte arbeidsoppgåver
* Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vilkår
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Attestar og vitnemål leverast i eit ev. intervju
Politiattest
Politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga
Korleis du går fram for å søkja:
Vi oppmodar til å søkja elektronisk via vårt rekrutteringssystem, og det er viktig at du registrerer din kompetanse. Kontakt gjerne serviceavdelinga om du treng hjelp til å få registrert søknaden.
Bjerkreim kommune tlf.: 51 20 11 00
Vi gjer merksam på
Hovudregelen i offentleglova er at søkjarane til ledige stillingar skal være offentlige jf. §25. Skulle du likevel ha eit ynskje om at din søknad skal unntkast offentlegheita må dette grunngjevast i søknaden.
Om bedriften
Vikeså Skule er ein 1-10 skule med ca 310 elevar. Skulen har ein positiv elevmasse og legg stor vekt på samarbeid. Alt arbeidet på skulen er gjennomsyra av visjonen vår om å vera med å gje elevane røter og vengjer slik at dei blir i stand til å meistra livet. Kollegiet tek godt vare på kvarandre og har ein god omgangstone og delekultur. Me bryr oss om elevane våre og legg til rette for tilpassa opplæring for den enkelte. Me strekk oss gjerne litt lenger bl.a. gjennom arbeid med lærarrevy kvart 3 år for elevane på ungdomstrinnet. Vi satsar på tydeleg klasseleiing med klare grenser og fokus på kollektive ferdigheiter. Vi har nulltoleranse for mobbing, og arbeider hardt for at alle elevane skal ha det godt på skulen, noko som viser att på gode resultat på brukarundersøkingar.
Skulen bruker Chromebook som verktøy og G-suite som arbeidsplattform.