Sekretær
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift telefoni, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift telefoni er ei av einingane i Hospitaldrift, og har ansvar for sentralbordet i Helse Bergen.
Vi har ledig 100% fast stilling som sekretær. Stillinga er ledige frå snarast eller etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Betene sjukehuset sitt sentralbord
- Inngå i vaktturnus, som også omfattar kveld, natt og helg
- Er tidvis ein hektisk arbeidsplass
Kvalifikasjonar
- Særs god munnleg framstillingsevne
- Søkarar må ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
- Erfaring frå sentralbord og kjennskap til organisasjonen er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og kunne formulere seg korrekt
- Må trivast i eit aktivt, travelt og til tider hektisk miljø
- Nøyaktig, kvikk og ansvarsfull
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Grundig opplæring
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frode Hamre, Einingsleiar, 55975000Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4885012075
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Frode Hamre
Einingsleiar
55975000
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790818
- Hentet fra
talentech
- Referanse
52eab2f4b01f4e8f995fc22d2f68c3eb