Lærlingar 2021
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer etter lærlingar frå hausten 2021. Oppstart er 1. september 2021.
Å vera lærling betyr at du tek siste del av den vidaregåande utdanninga di som praktisk arbeid. Du blir tilsett på ein arbeidsplass, og har same rettar og plikter som andre arbeidstakarar. Under læretida får du løn. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida.
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1.mars og sender i tillegg søknad til Kvinnherad kommune. Dersom du ikkje er elev på vidaregåande skule, søkjer du berre til Kvinnherad kommune.
Det er ynskjeleg at søkjar har:
*gjennomført og bestått relevant Vg1 og Vg2
*du kan og søkje dersom du har tatt påbygg etter Vg2 eller på anna måte er kvalifisert til å bli tatt opp som lærling
*dokumentert fråvær
*er positiv, omgjengeleg og samarbeidsvillig
*har interesse for faget
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige medarbeidarar
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.