Biblioteksjef inntil 100 % fast stilling ved Kviteseid bibliotek
Kviteseid Kommune Folkebibliotek
KVITESEIDGATA 13, 3850 Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vil du vera med og utvikle Kviteseid bibliotek? Ei stilling for deg som har kunnskap og interesse for utvikling av bibliotektilbodet.
Stillingstittel
Biblioteksjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:-
Bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsfag eller tilsvarande utdanning
-
Praksis frå jobb i bibliotek
-
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
-
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, ikkje eldre enn 3 månader
-
Positiv, utviklingsorientert og engasjert
-
Fleksibel, serviceinnstilt og sjølvstendig
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, og god evne til formidling
-
God kunnskap i sosiale media
Arbeidsoppgaver
-
Ansvar for dagleg drift av biblioteket
-
Syte for gode bibliotektenester i tråd med samfunnet sitt behov og brukarane sine
-
Leie og utvikle tenestetilbodet som kultur-, møte- og debattarena
-
Vera bidragsytar i kultursektoren
Vi tilbyr
-
spennande og utviklande stilling
-
gode pensjon og forsikringsordningar
-
løn etter avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Om du ynskjer mindre enn 100% stilling, oppgje ynskje i søknaden.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Om bedriften
Biblioteket vårt skal flyttast til nye lokale i sentrum. Ny biblioteksjef vil vere sentral i flytting til nye lokale i Kviteseidbyen. Biblioteket er ein viktig møteplass i lokalsamfunnet og skal vera ein god stad å vera for alle innbyggjar og tilreisande frå fjern og nær. Kviteseid ligg sentralt langs E134 med kort veg til aust, vest og sørlandet. Me har ei rekkje fritidstilbod i kommunen, som mellom anna alpinanlegg, klatrevegg og ein fabelaktig golfbane. I tillegg har vi eit rikt organisasjonsliv.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2747558
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
13a9ea87-6b34-4ccc-ba7c-9689b7e7e6ac