Elektrikar Vedlikehaldslag Nordland
Org. nr: - Stillingsident: 4342925035 Presentasjon av stillingen:
Er du ein allsidig fagarbeidar med elektrikarfagbrev og båtførarkunnskap som vil arbeide på Vedlikehaldslag Nordland i Kystverket si avdeling for reiarlag, fyr og sjømerking?
Kystverket søkjer etter elektrikar med fagbrev til allsidige og sjølvstendige oppdrag innan vedlikehald, drift, nybygg og tilsyn på navigasjonsinnstallasjonar. Vi søkjer ein elektrikar med allsidig elektrobakgrunn som også har har erfaring og innsikt innan andre handverksfag.
Arbeidsområdet til vedlikehaldslaget i Nordland strekk seg frå Rørvik i sør til Troms i nord. Vedlikehaldslaget er til vanleg 2-3 fagarbeidarar samansett av ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift. Hovudoppmøtestader for vedlikehaldslaga i Nordland er Kabelvåg og Sandnessjøen, og i periodar direkte på oppdragsstad. Vedlikehaldslaga har base på land og tek seg fram i arbeidsbåt eller bil. Ein må pårekne å vere heimanfrå heile arbeidsperioden. Vedlikehaldslaga har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale, med om lag 28 veker arbeid/kurs i året. Det er sett opp årleg plan på arbeids- og friperioder.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig arbeid som elektrikar og fagarbeidar på navigasjonsinnstallasjonar
- Allsidige oppgåver som ein del av vedlikehaldslaget sitt arbeidslag, til dømes snekker-, målings- og aggregatarbeid
- Noko tavle- og automasjonsarbeid
- Alle på laget må kunne ta del i båtkøyring og navigering
- Løpande drift og vedlikehald av arbeidsbåt og utstyr
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fagbrev som elektrikar (tilsvarande Gr. L)
- Søkjar må ha gyldig helsesattest for sjøfolk før ein starter i arbeidet
- God fysikk og helse.
- Må kunne arbeide og klatre sikkert i høgda
- Heile arbeidslaget må i tillegg vere gode båtførarar og kunne navigere i mørket
- Førarkort kl. B er nødvendig, og kl. BE er ynskjeleg
- Beherske bruk av IT-verktøy og dokumentere eige arbeid
- Ynskjeleg:
- Erfaring og/eller utdanning frå andre handverksfag enn elektro er ynskjeleg og vert prioritert (t.d. maskin/motor, snekkar)
- Sertifikat D6 for båtar under 15 meter
Personlege eigenskapar
- Allsidig og sjølvstendig fagarbeidar, men også lagspelar
- Løysingsorientert og samarbeidsvilleg
- Gode haldningar til faglege standardar, HMS, etiske retningslinjer og Kystverket sitt omdømme
- Sosial og omgjengeleg, og ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
- Elektrikar er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar. Grunnløn ltr. 46-50, årsløn kr 422 600 - kr. 451 700.
- Kystverket har særavtale for vedlikehaldslaga som regulerer arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar og friperiodar. Særavtalen er under reforhandling.
- Tillegg etter Hovedtariffavtalen utgjer ca kr 14.000 pr. år. Kostgodtgjersle vert, pr idag, utbetalt pr. arbeidsdag med kr. 380.
- Refusjon av reisekostnader til/frå oppmøtestad ved arbeidsperioder.
- Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2 % av bruttoløn. Særaldersgrense på 65 år.
- Ein må pårekne å delta på fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
- Kystverket er tilknytta bedriftshelseteneste.
- Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmoder alle som er kvalifiserte til å søke.
Kontaktinformasjon
Svein Inge Alnes, Seniorrådgjevar mannskapsseksjon, 41329706, svein.inge.alnes@kystverket.no
Kay Ole Rasmussen, prosjektleiar Nordland, 95767451
Arbeidsstad
8310 Kabelvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4342925035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2021
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.