Ferievikarar - Pleie og omsorg
Beskrivelse
Det er behov for ferievikarar sommaren 2021.
Sundheim er base for pleie og omsorgstenestene i kommunen med 72 institusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar, heimesjukepleia og heimehjelpstenesta.
Kommunen er godt i gang med planlegging av framtidas omsorgsutfordringar fram mot 2025 og det har vore omfattande bygningsmessige arbeider så det meste av lokala framstår som nye.
Langtidsavdeling er for langtidsopphald og eit tilbod for personar som har behov for døgnkontinuerlig omsorg og hjelp.
Avd. Sundtunet er spesielt tilrettelagt for pasientar med moderat til alvorlig demenssjukdom.
Avd. Korttid/rehab er ei avdeling som tek imot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling/rehabilitering før heimreise, pasientar frå heimen sin som treng opphald pga. skade, sjukdom, isolasjon eller som skal utredast/observerast i ei periode, og ein del pasientar kjem til avdelinga på avlastningsopphald.
Avd. Heimesjukepleia skal gje heimebuande hjelp ved kort- eller langvarig sjukdom/funksjonshemming og arbeide førebyggjande for å redusere pleiebehovet.
Avd. Heimehjelpstenesta skal gje brukarane praktisk bistand i heimen. Tenesta skal bidra til at brukarane greier mest mogleg sjølve og blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre.
Avdeling for kjøkken: Institusjonen har eige kjøkken og lagar mat til dei som bur fast på institusjonen og for utkøyring til heimebuande som ønskjer ferdiglaga middagsmat.
Søkjarar må vere over 16 år.
Kvalifikasjonar
Interesse for fagområda. Utdanning innanfor faget er ønskjeleg, men andre kan også søkje.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Vi kan tilby
- Arbeid som ferievikar i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter kvalifikasjonar.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillingane.
- Førarkort klasse B for å arbeide ved avd. Heimesjukepleia og avd. Heimehjelpstenesta.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.