Ledig stilling som Kjøkkenassistent
Vi har ledig fast stilling som kjøkkenassistent ved senteret.
Som kjøkkenassistent inngår du i fast turnus med arbeid kvar 3. helg (laurdag og søndag)
Som kjøkkenassistent skal ein bistå kokk og andre tilsette ved kjøkkenet med tilbereding av mat til pasientar, tilsette og besøkande ved senteret.
Andre oppgåver vil vere rydding, oppvask, reinhald på kjøkken og i matsal.
Vi ser etter ein person som er serviceinnstilt og positiv. Du må kunne jobbe i eit tidvis travelt miljø, og ha evne til å skape trivsel på arbeidsplassen.
Søkjar må vere over 16 år og beherske norsk språk.
Stillinga er ledig frå 08. juni 2019
Vi tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Gode velferdsordningar
• Løn etter tariff til arbeidsgjevarorgansiasjonen Spekter
ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE
HEIMESIDE:www.rkhr.no
Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Driftsleiar Elin Håland,
tlf 57 73 71 77/ 91357625 eller epost: ++elin.haaland@rkhr.no++
SØKNADSFRIST: 28.mars 2019
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no
SØKNAD MERKAST: <<Kjøkkenassistent>>
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev tilbod om rehabilitering av pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Det medisinsk faglege teamet består av lege med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/ attføringskonsulent, idrettspedagogar og klinisk ernæringsfysiolog.