Lærar
Ellingsøy barne- og ungdomsskole, Ålesund kommune
Grønebelgvegen 4, 6057 Ellingsøy
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Undervisninga vil vere på barnetrinnet.
Ellingsøy barne- og ungdomsskole er ein 1-10 skole med 255 elevar. Skolen ligg omlag 5 minutt frå Ålesund sentrum med bil. Skolen bruker begge målformer i undervisninga, barnetrinnet har bokmål som hovudmål, ungdomstrinnet har begge målformer.
Visjon for skolen: Fra innerst til ytterst - i møte med verden og fremtiden
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag, hovudsakleg på 1.-2. trinn
- Teamsamarbeid
- Arbeid med LK20 og pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid skole - heim
- Det kan ligge kontaktlærar-ansvar til stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanna lærar med god kompetanse innanfor begynneropplæring og brei fagkompetanse
- Det er ønskeleg med utdanning og / eller erfaring med arbeid med spesialpedagogikk
- Du er trygg på bruk av digitale verktøy i eige arbeid og i undervisning
- Du er ein god og tydeleg klasseleiar
- Du arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø, og forstår samanhengen mellom det og god læring
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer godt og har evne til å etablere gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du har høge ambisjonar på vegne av kvar einskild elev
- Du har gode samarbeidsevner og arbeider godt i team
- Du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- Du er kreativ, aktiv og engasjert
- Du ønsker å bidra til å utvikle ein moderne skole
- Du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte oppgåver
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Digitale tavler i alle klasserom og 1:1 dekning med iPad til alle elevar
- Ein skole i utvikling
Kontaktinformasjon
Judith Artamendi Volsdal, Assisterande rektor, judith.artamendi.volsdal@alesund.kommune.noArbeidsstad
Grønebelgvegen 46057 Ellingsøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4793169491
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618969
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a526bf95210245179df3461494238975