Fagkonsulent landbruk- vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4195085852 Presentasjon av stillingen:
Ved samfunns- og landbruksavdelinga, i landbrukskontoret si faggruppe, er det i samband med fødselspermisjon ledig vikariat i 100 % stilling som fagkonsulent landbruk frå 10.06.2020 til 10.08.2021. Det er godt mogleg at vikariatet vil bli utvida til to år.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver vil m.a. vera knytt til rettleiing og oppfølging av gardbrukarane i kommunen i samband med dei økonomiske tilskotsordningane i landbruket og andre søknadspliktige tiltak innan arealforvaltning. Det vil i nokon grad vere mogleg å tilpasse oppgåvene etter kompetanse/interesse
Kvalifikasjonar
Me søkjer ein person med utdanning utover vidaregåande skule innan fagområdet landbruk/natur.
Erfaring frå kommunal/statleg saksbehandling innan landbruk/natur/miljø og interesse og engasjement for dette inklusiv bruk av IT-verktøy, og med digitale kart, vil vera ein fordel.
Søkjaren må ha vanleg sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar, som evne til samarbeid og til å kunne arbeide sjølvstendig og systematisk, vil bli vektlagd. Søkjaren må ha god skriftleg framstillingsevne.
Me tilbyr
Ein interessant og utfordrande jobb <> på Jæren
Eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Div. velferdstilbod
Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Nedzad Suljanovic, Verksemdleiar, 41279665
Arbeidssted
Arne Garborgsveg
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4195085852
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.06.2020
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.