Fastlege
Fjord kommune
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege Fjord kommune
Oppstart
3. juni 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ein av legane våre skal ut i barselpermisjon og vi har med det behov for ein vikar. Ønske om at den vi tilsett kan starte i stillinga 17. juni 2024 (overlapping) og varar til mars 2025. Det kan vere aktuelt å forlenge vikariatet 3 - 6 mnd. Minimum 80 % stilling.
Vi har eit sterkt team innan helse, som er sett saman av kommuneoverlege, fire fast tilsette fastlegar i 80% og ein til to LIS1. Avdelinga har i tillegg helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykiatrisk sjukepleiarar, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut. Vi har legekontor både i Stordal og Valldal. Arbeidsstad kan avtalast nærmere med aktuell kandidat.
Legevakter etter gjeldene avtaler med Ålesund; lav vaktbelastning
Vi har moderne lokale, brukar CGM journalsystem og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund. Det er veldig godt samhold i kollegialet der alle er interessert i friluftsliv. Kommunen er eit eldorado for jakt, fiske, toppturar og friluftsliv generelt.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtaleverk.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
- Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
- Personleg eigenskap blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
- Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning i KLP
- Fastlønn etter avtale
- Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner
Kontaktinformasjon
Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, +47 41867937Arbeidsstad
Olavsgata 106210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4790247483
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.06.2024
Sluttdato: 31.03.2025
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2605324
- Sist endret
15. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
79b93f1a2472460b8d90015c0b4d7abf