Driftspersonell i 100 % fast stilling seksjon teknisk
Bokn Kommune
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Om jobben
Stillingstittel
Vaktmester
Oppstart
1. oktober 2021
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Beskrivelse av arbeidsstaden/sektoren
Bokn kommune v/seksjon teknisk utviklar og forvaltar kommunen sine grunneigedommar, bygg, vegar, grøntområde og vatn og avlaupsanlegg etter gjeldande lover og reglar til beste for innbyggjarane og miljøet rundt oss. Seksjonen har fire medarbeidarar og har ambisjon om å vera dyktig, imøtekommande og å bidra til ei berekraftig og framtidsretta tenesteleveranse.
Dei tekniske områda (bygg, elektro, vatn, røyr og avlaup, klima, sikkerhet/beredsskap, IKT m.m) er sentrale fagområde. Kommunen har no ei ledig stilling og søkjer difor etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som kan bidra i å fylgja opp desse viktige fagområda.
Bokn kommune si vaktordning er organisert med vakt kvar 3 veke inkludert helg.
Som tenesteleverandør ynskjer Bokn kommune å bidra til å ta vare på dei gode, lokale verdiane samtidig som vi skal tilrettelegge for å ynskje nye innbyggjarar velkomne.
Bokn kommune tek klima og miljøutfordringane på alvor og vi ynskjer å vera fagleg sterke også på dette området. Med dette som bakteppe skal vi bidra til å tilrettelegge for at det skal vera kjekt, trygt og godt for små og store å vekse opp og å bu på Bokn.
Arbeidsoppgåver
Kommunen søkjer driftspersonell som skal inngå i vår daglege driftsorganisasjon. Oppgåvene vil vera knytt til alle fagområda herunder mellom anna vatn, avløp, tilsyn av kommunale vegar og uteareal samt drift og vedlikehald av formålsbygg. Personen vil vera særleg involvert i daglege drifts -- og vedlikehaldsoppgåver knytt til Bokn vannverk herunder trykkaukningsstasjonane, høgdebassenga og deira utstyr. Arbeidet innbefattar prøvetaking og analyse av vatn. Som fagarbeidar vil ein ha oppgåver knytt opp mot utstyr, prosess, prosessoptimalisering og kvalitet på vatn. Dette kan også medføre organisering av innkjøpte tenester og bestillingar.
Stillinga inneber hektiske, men svært varierte arbeidsdagar med varierte sesongoppgåver.
Kvalifikasjonar
•Fagbrev primært innan elektro -- automasjon eller kjemiprosessfag, eller også røyrleggjar, mekanikar, teknikar. Relevant erfaring kankompensera for manglande fagbrev.
•Driftsoperatørkurs for vannverk (Norsk vann)
•Førarkort kl. B
Kompetanse på prosessanlegg og erfaring frå prosessindustri, næringsmiddelindustri samt erfaring frå arbeid med vatn og avløp, vil bli tillagt stor vekt. Det same vil erfaring frå arbeid med optimalisering av prosessar. Kommunen har, og får, stadig implementert fleire avansere driftssystem innaføre alle fagområder og søkjar må beherske bruk av ulike dataverktøy.
Ved manglande kompetansebevis på driftsoperatørkurs for vannverk vil det bli stilt krav til gjennomføring av dette, i prøveperioden.
Norsk er arbeidsspråk i Bokn kommune og du har god norsk skriftleg og muntleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Du er nysgjerrig, ynskjer forbetring og er lærevillig. Du er fleksibel og kan arbeide med andre oppgåver enn berre innafor ditt fagfelt. Du er likevel strukturert nok til at du har evne til å planlegge eigen arbeidsdag.
Du er villig til å ta i eit tak, har godt humør og tilpassar deg arbeidsmiljøet i sektoren. Du har eit offensivt forhold til HMS, og ser på HMS som noko positivt. Du må vera villig til å gjennomføra aktuell nødvendig opplæring. Personleg egnethet vil bli tillagt vekt.
Bokn kommune tilbyr
Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Ordna arbeidsforhold i eit godt arbeidsmiljø
Gode pensjons -- og forsikringsordningar
Løn i hht. tariff
Om bedriften
Bokn kommune er ein øykommune med omlag 860 innbyggjarar. Kommunen opplever ein aukande pouplaritet som destinasjon for friluftsliv, fiske og hytteturisme. Kommunen ligg midt i ei ferdselsåre mellom Nord -- og Sør -Rogaland med kort avstand frå Haugesund, Karmøy og Tysvær. Kommunen ligg om lag ein time frå Stavanger.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1697971
- Sist endret
23. august 2021
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1289e18c-626d-4ed5-95fb-87f42fe7a6ba