Seniorrådgjevar - økonom
Jobbnorge ID: 171592
Kva får du jobbe med hos oss?
Økonomiske analyser og styring er eit satsingsområde hos oss og du vil få samarbeide med mange dyktige medarbeidarar og leiarar i vår verksemd. Vi ønsker oss ein økonom med vilje og evne til å tenke utanfor boksen. Det inneber også ein som kjem med forlag til andre analysar og andre måtar å gjennomføre analysar på enn det vi gjer i dag.
Stillinga er lagt til Seksjon for verksemdstyring i staben på regionkontoret. For ein periode vil stillinga være tett knytt til regiondirektør og leiargruppa i regionen.
Dette blir dine arbeidsoppgåver
- Bistå leiinga i arbeidet med økonomioppfølging og økonomistyring
- Økonomisk analyse
- Analyse av aktivitet
- Internkontroll
- Opplæring av leiarar
- Utarbeiding av budsjett for einingar og regionen i samarbeid med andre
- Bistå i vidareutvikling av våre arbeidsprosessar
Kva bakgrunn har du?
Du må ha:
- utdanning på mastergradnivå som siviløkonom eller samfunnsøkonom
- relevant erfaring frå offentleg verksemd
- kompetanse innan økonomiregelverket og budsjettprosessane i offentleg forvaltning
Du bør ha:
- Evne til raskt å sette seg inn i ulike fag- og økonomisystem, samt nytte systema effektivt.
- Gode kommunikasjonsevner samt gode evner i bruk av Excel og datavarehusløysningar.
Kva person ser vi etter?
Du er:
- analytisk
- strukturert og resultatorientert
- god skriftleg og munnleg
- god på samarbeid og har interesse for tverrfagleg samarbeid
- tillitsskapande og serviceorientert
Du har gode samarbeidseigenskaper og liker tverrfagleg samarbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagt tungt ved vurdering av kandidatane.
Kva kan me tilby deg?
- Meiningsfylt arbeid for deg som vil være med å jobbe med vårt viktige samfunnsoppdrag.
- Utfordrande og varierte oppgåver innafor eit område som er under utvikling hos oss.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode rådgjevar 1434, p.t. kr 488 000 - 583 900 (ltr 55 - 65) eller i stillingskode seniorrådgjevar 1364, p.t. kr 532 300 - 704 900 (ltr 60 - 75). Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysninger
- Bufetat ønsker å være en arbeidsgiver som gjenspeiler mangfoldet i samfunnet og som utnytter potensialet i befolkningens samlede kompetanser. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss. Bufetat jobber for å realisere regjeringens inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nyansettelser i staten skal være personer med nedsatt funksjonsevne eller hull i CV'en. Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om nedsatt funksjonsevne eller hull i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
- Stillingen er for tiden lagt til regionkontoret v/ Seksjon for virksomhetsstyring.
- Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli gjort offentlige selv om søkeren har oppmodet om ikke å bli ført på søkerlisten, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25
Kontaktinformasjon
Kontaktperson for stillingen:
Seksjonsleiar Jan Eskil Aldal, tlf 971 49 708
Fung.stabsdirektør Sigrid Helleland, tlf 466 18 947
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal tas med ved et evt. intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Vi treng ein fagleg dyktig, engasjert og nysgjerrig økonom som kan bidra i arbeidet med vårt viktige samfunnsoppdrag; vekst og utvikling for barn, unge og familiar.