Pedagogisk leiar og barnehagelærar
Oppvekst og kulturetaten
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar og barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
For barnehageåret 2024/2025 kan det bli ledige stillingar som pedagogiske leiar og barnehagelærarar. Både faste stillingar og vikariat.
Behovet for pedagogiske leiar og barnehagelærarar vil vere avhengig av antal permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.
Vi er på jakt etter topp motiverte, engasjerte og kvalitetsbevisste barnehagelærarar som kan legge til rette
for vennskap og gode trygge dagar for barna.
Begge barnehagane er Reggio Emilia inspirerte barnehagar med fokus på friluftsliv. Vi legg vekt på arbeidet med trygge og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Det er ønskeleg med oppstart 01.08.2024.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med øvrige tilsette
- Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
- Samhandling med andre instansar
- Medverke til godt foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
- Relasjonskompetanse
- God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- God samarbeidsevne
- Løysingsorientert
- Autoritativ
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
- Autonomi
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
Den som vert tilsett må legge fram politiattest.
Kontaktinformasjon
Linda Christin Arneberg, Styrar Almejordet, 96208637Nora Wingsternes, Styrar Sundgotmarka, 91577715
Arbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 4765493653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2024
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.ulstein.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2559787
- Sist endret
26. februar 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7e76343bb9641bdbfd1c7aea06e3683