Kulturskulelærar for junior, aspirant og korps i skulen - 15 % fast
Sektor for kultur og oppvekst søker kulturskulelærar for junior, aspirant og korps i skulen i 15 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.08.2024.
Fyresdal kulturskule er ein del av kulturavdelinga i Fyresdal kommune, som ligg i sektor for kultur og oppvekst. Kulturskulen gjennomfører si undervisning på Gimle skule i lyse, trivelege og godt utstyrte lokale.
Oppgåver:
- Grunnleggande undervisning i korpsinstrument
- Notelære
- Motivere og inspirere unge til korpsdeltaking
- Kontaktperson for dei unge ved arrangement og turar i korpset
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med relevant utdanning
- Søkarar med relevant erfaring kan og bli vurdert
Vi søker ein person som:
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Har gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar kultur, Hilde Martini Momrak, på hilde.momrak@fyresdal.kommune.no eller 95 27 09 05.
Tilsettingsvilkår:
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
- Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024.
Velkomen som søkar!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller ++E-dialog++.
Om bedriften
Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.