Vil du vere ein superhelt i andre sitt liv og hjelpe ungdom med å kome i utdanning eller jobb?
Ønskjer du å jobbe med ungdom som treng rettleiing og oppfølging frå NAV for å kome i utdanning eller jobb? Er du ein fleksibel person som er god til å motivere, har engasjement og som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåve? Då er du truleg den vi ser etter!
NAV Øygarden er lokalisert sentralt på Straume. Vi har om lag 90 tilsette som legg til rette for at Øygarden kommune sine innbyggjarar får saumlause og koordinerte teneste. Avdeling ungdom har 17 tilsette og jobbar med å følge opp unge under 30 år.
No har avdeling ungdom eit ledig vikariat som rettleiar i 100 % stilling til og med 31.10.24. Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariatet. Hos oss vil du få spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag.
Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode og fagleg dyktige kollegaer. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp eigen portefølje med unge arbeidssøkjarar som ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot utdanning eller jobb
- Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av unge mellom 16 - 30 år
- Tverrfagleg samarbeid i og utanfor NAV
- Dokumentering av oppfølginga og kontakten med samarbeidspartnarar
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå; gjerne innan helse, sosial, pedagogikk eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning
- god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande
Det er ønskjeleg at du har:
- kjennskap til NAV sine tenester
Vi ser etter deg som
- er god på å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- er strukturert, systematisk og effektiv
- er robust og har evne til å jobbe tett på menneske som er i ein krevjande livssituasjon
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- Tilsetjing på statlege vilkår som rådgjevar i stillingskode 1434 med lønsspenn frå kr. 557.100 – 594.500 per år (tilsvarande ltr. 57 - 61). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %).
Kontaktinformasjon
Kari Mette Fedje, Avdelingsleiar, 93423727, kari.mette.fedje@nav.noArbeidsstad
Grønamyrvegen 185353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4787656145
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2024
Sluttdato: 31.10.2024
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling