Styrar/dagleg leiar i Hjellbakkane barnehage
Hjellbakkane barnehage søker ny styrar/dagleg leiar i fast 100 % stilling frå 01.08.2023.
Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat eigd barnehage, drifta som ei stifting. Barnehagen er organisert med to baser der vi og deler inn i grupper etter alder. Det er per i dag ei gruppe på småbarnsbasen og tre grupper på storbarnsbasen. Det er totalt 36 barn fordelt på dei ulike gruppene. Barnehagen har om lag ti tilsette.
Barnehagen har ein tydeleg friluftsprofil der vi nyttar det meste av tida ute, året rundt. Vi har eigen minibuss, er på tur og flyttar også verksemda ut i naturen i fire veker i året. Vi søkjer difor etter ein styrar som ser verdien av å nytte naturen i det pedagogiske arbeidet og som gjerne har kompetanse på natur- og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver:
- Overordna ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet i barnehage
- Administrativt og økonomisk ansvar, samt personalansvar
- Vidareutvikle barnehagen i tråd med vår friluftsprofil
- Samarbeide, og ha god dialog med tilsette og foreldre til beste for barna i barnehagen
- Samarbeide med Volda kommune og vere oppdatert på kommunale vedtak og pålegg som er relevant for barnehagen
Kvalifikasjonar:
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
- Styrarutdanning- og erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring frå arbeid som pedagogisk leiar
- God økonomisk - og digital forståing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Om du har sertifikat for minibuss, så ta det med i søknaden.
Hjellbakkane barnehage driv barnehagen i tråd med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter, rammeplan for barnehagar, samt våre eigne styringsdokument. Barnehagen er medlem av PBL - private barnehagers landsforbund - der vi har løns- og pensjonsavtale i tråd med sentrale avtalar.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju når søknadsfristen er ute.
Stillinga krev godkjend politiattest ved tilsetting. Løn etter avtale.
Søknad med CV og referanser kan sendast til styret@hjellbakkane.no