Konsulent - Fellessekretariatet
Vil du vera med å sikra og utvikla eit godt servicetilbod til Kvam herad sine innbyggjarar og interne brukarar?
Me søkjer ein ny medarbeidar til avdelinga Fellessekretariatet på rådhuset i Norheimsund. Stillinga er i 80 % vikariat og ledig frå snarast til og med 31.07.2025.
Fellessekretariatet er ei avdeling med 6 tilsette inklusive leiar, og har ei sentral rolle som informasjonsformidlar og kontaktpunkt mellom innbyggjarane og kommunen. I tillegg har avdelinga eit viktig ansvar for kommunen sitt sak- og arkivsystem (Acos WebSak) og andre fellestenester til støtte for den kommunale administrasjonen. Avdelinga er organisert under eininga Teknisk og informasjon.
Me søkjer etter deg som trivst å jobba med kundekontakt. Dette inneber at du yter god service til innbyggjarane og at du deltek i oppgåvene ved vårt kundemottak på rådhuset. Me ønskjer deg som er serviceinnstilt og nøyaktig.
Arbeidsoppgåver
- Kundemottak; sentralbord, postmottak, postføring m.m.
- Andre førefallande oppgåver relatert til arkiv kan verta aktuelle ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og/eller erfaring innan service- og kundebehandling
- God IKT-kompetanse og erfaring med ulike elektroniske og digitale arbeidsverktøy
- Innsikt i og erfaring med sak- og arkivsystem er ein fordel
- Beherska norsk flytande som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg, og kunne kommunisera på engelsk munnleg
- Høg gjennomføringsevne og effektiv arbeidsmetodikk
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt, strukturert, og effektiv
- Du har god evne til å formidla informasjon
- Du er fleksibel, positiv og løysingsorientert
- Du har god samarbeidsevne
- Du taklar å jobba i eit høgt tempo
Vi tilbyr
- Ei vikarstilling med varierte oppgåver
- Godt fagnivå og eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/ og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Trude Birknes Buene, Arkivleiar, +47 938 51 445Arbeidsstad
Grovagjelet 165600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4797212479
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir