Er du vår nye leiar av vaktmeistertesta?
Lom Kommune
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, Norge, Lom, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Drift- og vedlikehaldsleiar
Lom kommune har ledig 100% fast stilling som leiar av vaktmeistertenesta.
Avdelinga har som hovudoppgåve å bidra til at kommunen sine bygg og uteområde er ein trygg og god stad å opphalde seg. Oppgåveportefølja er knytt til drift og vedlikehald, halde orden og yte tenester til brukarar. Avdelinga bistår også helsetenestene med drift av hjelpemidlar og velferdsteknologi.
I leiarrolla vil du ha ansvaret for avdelinga som i dag består av 8 tilsette. Du vil ha eit overordna drift- og vedlikehaldsansvar, og saman med dei tilsette vil du styre og koordinere arbeidsoppgåvene på tvers av bygg og tenesteområde. Stillinga er operativ og inneber aktiv deltaking i avdelinga sine daglege oppgåver.
Du må ha eit heilskapleg perspektiv og vere dyktig til å sjå samanhengar mellom kommunen sine ulike oppgåver. Du vil bli ein del av leiarteamet i Kommunal Eigedom, der vaktmeistertenesta vil spele ei viktig rolle i eigedomsforvaltninga og i utvikling av bygg.
Ansvarsområde:
-
Leiing og utvikling av vaktmeistertenesta.
-
Drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og eigedommar
-
Struktur og rutinar knytt til internkontroll.
-
Oppfølging av brannvern i kommunale bygg
-
Deltaking i dagleg oppgåveløysing
-
Pådrivar for ny teknologi, digitale løysingar og innovative metodar.
-
Delegert oppfølgingsansvar for økonomi, fag og personal.
Du må rekne med at ansvaret og arbeidsoppgåvene vil endre seg med utviklinga av tenesteområdet. Som tilsett i Lom kommune kan du bli spurt om å ta del i vaktordninga for teknisk vakt.
Kvalifikasjonar:
Det er ynskjeleg at du har ein allsidig og variert arbeidserfaring som er relevant for rolla som drift- og vedlikehaldsleiar. Det er ein fordel, men ikkje eit krav om du har:
· Relevant utdanning eller erfaring innan drift av bygg, til dømes fagbrev som byggdriftar, tømrer eller elektrikar
· Gode IT-kunnskapar, interesse for og vilje til å nytte digitale verktøy og teknologi.
· Sterke leiareigenskapar.
· Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Som tilsett i eigedomsavdelinga må ein ha førarkort, minimum klasse B, meistre norsk språk munnleg og skriftleg, og ha ei serviceinnstilt haldning
For nærare opplysningar, ta kontakt med tenesteleiar kommunal eigedom:
Erik Lindseth, tlf. 470 24 500 / erik.lindseth@lom.kommune.no
Er dette noko for deg? Send inn søknad ved å nytte elektronisk søknadsskjema på https://www.lom.kommune.no/ledige-stillingar/
Søknadsfrist 14. mars 2024.
Namna på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2573936
- Sist endret
15. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1194df23-c253-4a10-82fc-bcaf501c6142