Sjukepleiar
Luster kommune Gaupne omsorgssenter
Øyagata 17, 6868 Gaupne
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stillingsinformasjon:
- Ved Gaupne omsorgssenter er det ledig 100 % vikariat som sjukepleiar i tida 01.06.2024-28.01.2025
- Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Stillinga er på KA og omsorgsplass, for tida tredelt turnus og 4.kvar helg
Arbeidsoppgåver:
- Me søker ein sjukepleiar som kan arbeide fleksibelt innan heimetenesta ved Gaupne omsorgssenter
- Hovudoppgåva er å utøve klinisk sjukepleie som sikrar god fagleg kvalitet der brukarane sine behov og rettar vert godt ivaretekne
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp studentar, elevar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp studentar, elevar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Off. godkjent sjukepleiar med positivt engasjement for sjukepleiefaget
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, fleksibilitet og løysingsorientering
- Søkjar må ha førarkort
Me kan tilby:
- Meiningsfulle, varierte og fagleg spanande arbeidsoppgåver
- Årsturnus med moglegheit for individuell tilpassing av turnus
- Gode moglegheiter for å bidra til utvikling av tenestetilbodet
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Kommunale arbeidsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariffavtale og avtaleverk
Andre opplysningar
- Tilsett må legge fram politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Tilbyr
- Omsorgsplassar med heildøgnstenester
- Korttidsavdeling (KA) med øyeblikkeleg - hjelp senger
- Omsorgsbustadar
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2633126
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3341663_219711_nn