Lærar 100 % vikariat på Engelsvoll skule
Org. nr: - Stillingsident: 4383768061 Presentasjon av stillingen:
Engelsvoll skule har ledig undervisningsstilling i 100 % vikariat frå 01.08.21 - 31.07.22.
Engelsvoll skule ligg vakkert til med utsikt over Frøylandsvannet på Klepp stasjon, med flotte uteområde. Skulen har 28 tilsette og omlag 185 elevar fordelt på 1.-7. steg. Satsingsområda våre er tidleg innsats, inkluderande skulemiljø og digital kompetanse. Me nyttar læringsbrett i opplæringa.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, leia og vurdera elevane si læring
- Sørgja for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
- Delta og bidra til eit lærande fellesskap
- Samarbeida med andre faginstansar ved behov
- Nytta iPad som læringsverktøy
Kvalifikasjonar
- Allmenn- eller grunnskulelærar 1-7 med kompetanse i norsk, matematikk og/eller engelsk
- Forståing for oppbygging av eit godt læringsmiljø
- Kunnskap om begynneropplæringa
- Relevant erfaring med klasseleiing og elevvurdering er ein fordel
- Gode IKT-kunnskapar, gjerne med kjennskap til bruk av iPad
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Personlig egnethet vektlegges
Den som tilsettes må før tiltredelse levere politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Jfr. opplæringsloven § 10-9.
Personlege eigenskapar
- Evne til å inspirera, motivera og aktivisera elevane
- Vera ein god klasseleiar som sørgjer for at elevane har det trygt og godt på skulen
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og høg arbeidskapasitet
- Er sjølvstendig, tek ansvars og er påliteleg
- Bidrar til fellesskap og samhandling på tvers av klassesteg
Vi tilbyr
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- God støtte fra leiing og kolleger i det profesjonelle utviklingsarbeidet
- Løn etter gjeldande avtalar og kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Lisa Bøvik, Rektor, 92298128, lisa.bovik@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Engelsvollvegen 91
4353 Klepp Stasjon
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4383768061
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 09.05.2021