Ferievikarar
Org. nr: - Stillingsident: 4337598004 Presentasjon av stillingen:
Eining Habilitering, butiltak psykiskutviklingshemma avd Stemhaugen/Straumøy og Åsvegen bueining søkjer ferievikarar.
Er du over 18 år, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb?
Me treng ferievikarar i perioden veke 26-33. Skriv i søknaden om du ønskjer arbeid på dag/kveld eller natt, og kva periode du kan arbeid i. Vikariat vil kunne variere i stillingsstørrelse ~ 80 - 100 %.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring
- God opplæring vil bli gitt
Kvalifikasjonar
- Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg
- Studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn vil bli prioritert
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
- Du må like å ta i eit tak
- Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
- Du liker å være aktiv saman med brukar
- Du er presis og pliktoppfyllande
- Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er naudsamt
Vi tilbyr
- Arbeid som er viktig, utfordrande og variert
- Godt fagmiljø
- Triveleg arbeidsplass
- God opplæring
- Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer
Kontaktinformasjon
Evy Kjellesvold, Einingsleiar Habilitering
Arbeidsstad
Åsvegen 3
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4337598004
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 28.06.2021
Sluttdato: 22.08.2021
Søknadsfrist: 21.03.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.