Helsesekretær/sekretær
Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 80% stilling for postsekretær frå snarast til 18.08.25
Stillinga som Helsesekretær/sekretær har dagarbeidstid. Stillinga er ei kombinert stilling, slik at postsekretæren arbeider to dagar i veka på nyfødt seksjon og to dagar på sengepost for barn og ungdom.
Sengepost for barn og ungdom er ein seksjon for pasientar mellom 0-18 år. Vi har pasientar innan både medisinske og kirurgiske diagnoser.
Sengeposten har 18 senger, to luftsmitteisolat, og ei rehab.eining. Seksjonen behandlar dei fleste diagnosar som er knytta til barn og ungdom.
Seksjonen er samlokalisert med seksjon for nyfødt intensiv.
Seksjon for Nyfødt intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus, er ein seksjon med 13 normerte pasientplassar. Fire av disse plassane er brukt til høgintensiv behandling, fem plassar er til intermediær behandling. I tillegg har vi fire familierom og eit isolat.
Vi dekkjer nyfødt-tilbodet i heile Møre og Romsdal fylke. Vi behandlar premature barn frå svangerskapsveke 26 samt alle andre sjuke, nyfødde barn.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oversikt over bemanninga på begge seksjonane i samarbeid med seksjonsleiarane
- Registrere timar og avvik i PRS- ajourhold, lønnskøyring saman med seksjonsleiar/ass seksjonsleiar på begge seksjonane
- Kalle inn ekstravakter vurdert i forhold til belegg og kompetanse saman med ass.seksjonsleiar og/eller seksjonsleiar
- Øvrige oppgåver som omtala i kvalitetssystemet si prosedyre for kontoreininga på barneavdelinga
- Ulike månadsrapporteringar
- Bestilling av kontorrekvisita
- Kontaktperson ut mot andre serviceavdelingar
- Betjening av sentralbord ved sengepost for barn og ungdom
- Sjekke pasientlister for seksjonane dagleg (pasient og følgjeperson)
- Utskriving eller overføring av pasientar /pårørande til anna avdeling frå sengepost og nyfødt intensiv
- Rekvirering av drosje/flytransport
- Koding av poliklinisk aktivitet
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha gode evner til samarbeid med andre, og samtidig kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Ha evne til å handtere stressande situasjonar
- Vere fleksibel, men strukturert
- Vere positiv og ha godt humør
Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Ann-Iren Vartdal, Sekjonsleiar, Nyfødt intensiv, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.noEsben Marcussen Magnell, Konst. Seksjonsleiar, sengepost barn og ungdom, Esben.Marcussen.Magnell@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4847923899
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2723015
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ed0318bde9ed44a1a5e6b57a00263259