Assisterande rektor
LAN - LANGHAUGEN VGS, Vestland fylkeskommune
Hagerups vei 17, 5093 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande rektor
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Opplæringsavdeling i Vestland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregående skular, fagskular, lærlingsordning og vaksenopplæring gir vi Vestland viktig kompetanse. Langhaugen videregående skole har ca. 630 elevar og omlag 80 tilsette i utdanningsprogramma for studiespesialisering, og musikk, dans og drama. Skulen har som mål å vera ein føregangsskule på berekraft, kultur og kreativitet, og ønskjer å skape eit vekstmiljø for fagleg kunnskap og utøvande kunst. Etter skuleåret 2026-27 vil skulen gradvis utvide elevtalet til ca. 720 med ein ekstra parallell på musikk på kvart trinn.
Frå 1.10.2024 har skulen ledig stilling som:
Assisterande rektor
Assisterande rektor er nestleiar på skulen. Stillinga vil i første rekkje innebere skuleadministrative oppgåver på overordna nivå, t.d. fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid, fag- og timefordeling, timeplanarbeid og eksamensadministrasjon. I tillegg vil stillinga også ha fag- og personalansvar på avdelingsnivå.
Arbeidsoppgåver
- Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
- Skuleadministrative oppgåver
- Fag- og personalansvar
- Aktivt bidra i skulen sitt utviklingsarbeid
- Bistå rektor i samband med pågåande byggjeprosjekt
- Det kan bli lagt undervisning til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Leiarkompetanse som er relevant for stillinga
- Kjennskap til fagleg-pedagogisk arbeid
- Undervisningskompetanse med erfaring frå vidaregåande skule
- God digital kompetanse
- Det er ein fordel å ha kjennskap til skuleadministrative system
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig i nært samarbeid med andre
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med evne til å motivere, rettleie og leie
- Kunne arbeide over tid med fornyings- og forbetringsarbeid
- Vere strukturert, ansvarsbevisst og serviceinnstilt
- Vere løysings- og resultatorientert og med god gjennomføringsevne
- Kunne arbeide under press i ein travel arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfelleskap
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfald og i utvikling
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
- Den som skal tilsetjast i vidaregående skule, må leggje fram politiattest.
- Alle nytilsetningar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
- For spørsmål om stillinga, ta kontakt med rektor Tore Tveit eller assisterande rektor Berit Tesaker.
Kontaktinformasjon
Tore Tveit, rektor , 40483613, tore.tveit@vlfk.noBerit Tesaker, assisterende rektor, 45615661, berit.tesaker@vlfk.no
Arbeidsstad
Hagerups vei 175093 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4831420523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.08.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2684791
- Sist endret
8. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7180dd7d49824d1586e37458a1f0214a