Lærar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Skulen ved Brekke barnehage og skule har omlag 80 elevar. Sjå www.Brekke.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv.
Gulen kommune har ledig inntil 70% vikarstilling som lærar frå 01.08.19 - 31.07.20, for tida ved Brekke barnehage og skule.
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar.
Arbeidsoppgåver
Det vil verte undervisning på barnetinnet, i hovudsak i fylgjande fag: matematikk, naturfag og norsk.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse på barnetrinnet i dei aktuelle undervisningsfaga.
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Bodil Takle, Epost: bodil.takle@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!