Rådgjevar
Luster kommune NAV Luster
Øyagata 14 B, 6868 Gaupne
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
NAV Luster held til i lyse og trivelege lokalar i Gaupne sentrum, like ved Lustrabadet. Me er eitt av seks NAV- kontor i region Sogn.
Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa ligg òg organisert til NAV- kontoret. Vaksenopplæringa har eigne lokalar i lagshuset på Granden i Gaupne sentrum.
NAV Luster, Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa har per i dag omlag 20 tilsette totalt.
I NAV Luster legg me vekt på samarbeid på tvers av kommunegrensene for å vidareutvikle tenestene til innbyggjarar og arbeidsgjevarar i regionen. Me deltek aktivt i regionale fagnettverk og i utviklings- og forbetringsarbeid i heile regionen.
Me har behov for fleire rådgjevar til dei sosiale tenestene våre som er ein del av den kommunale tenestemenyen i NAV- kontoret.
NAV Luster har ledig:
- To vikariat som rådgjevar, 100 % stilling, frå snarast til 31.07.2025, med moglegheit for forlenging
- 100 % vikariat som rådgjevar i samband med foreldrepermisjon frå medio desember og ut heile 2025
- Andre mellombelse stillingar kan verte aktuelle
Det er moglegheit for at stillingane kan bli faste på sikt.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging, rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i NAV
- Kartlegging av brukaren sin heilskaplege situasjon, rettleiing og bistand til brukarane
- Oppfølging retta mot arbeid og aktivitet som fordrar tett kontakt med arbeidsgjevarar
- Kartlegging, avdekking og ivaretaking av tenestemottaker sine barns behov i møte med NAV
- Handsame og følgje opp søknader om økonomisk sosialhjelp
- Økonomisk oppfølging og rådgjeving
- Bustadsosialt arbeid
NAV er ein organisasjon i stadig utvikling og endring. Andre arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig høgskule/universitetsutdanning, helst innan helsefagleg/sosialfagleg/samfunnsfagleg retning
- Annan utdanningsretning kan vurderast ved særleg relevant erfaring
- Det er ønskeleg med kompetanse på oppfølging etter Lov om sosiale tenester i NAV
- Det er ei føremon om du har erfaring frå NAV, eller erfaring frå arbeidsretta oppfølging gjennom metoden Supported Employment
- Sertifikat kl. B
- Digital kompetanse
Me legg vekt på
at du har gode kommunikasjonsevner, relasjons- og rettleiingskompetanse. Du vil i jobben møte brukarar med forskjellige utfordringar og behov.
- at du har evne til å jobbe sjølvstendig og i team for å finne gode løysingar
- at du er ein relasjonsbygger som er god på å samarbeide med andre
- at du har erfaring med sakshandsaming, rettleiing og oppfølgingsarbeid frå offentleg forvaltning
- at du har god forståing for korleis gjeldande lovverk nyttast i praksis
- at du har god økonomisk forståing
- at du tek raskt til deg ny kunnskap, og tek ansvar for eiga læring og faglege utvikling
- at du har digital kompetanse og gode evner til å sette deg inn i nye datasystem og arbeidsmetodar
- at du beherskar nynorsk som målform
- at du er personleg egna for stillinga vil bli særleg vektlagt
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2717615
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3390461_226153_nn