Operative førstebetjentar - i landets mest spennande fagmiljø for ungdom i fengsel
Agder fengsel
Sanitetsstien 7, 4735 Evje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operative førstebetjenter / vaktledere Evje avdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga er ei avdeling med høg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje avdeling (11 plassar for mindreårige 15-18 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Truleg ca 70 av desse på Evje.
Vi etablerer eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og god rehabilitering.
For å handheve sikkerhetsfokuset i anlegget i det daglege, treng vi vaktleiarar i turnus. Vi tek forbehold om godkjenning av forslag til Statsbudsjett.
Ein fengselsfyrstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføre dagleg arbeidsleiing, planlegging og organisering av arbeidet innanfor eit arbeidsområde. Ein har ansvaret for sikkerhetsvurderingar i samråd med stadleg leiing og bemanninga forøvrig. Til stillinga ligg å ta beslutningar i tråd med straffegjennomføringslova, spesielt §10a. Det krevst juridisk erfaring / forståing, og evne til å ta krevjande beslutningar.
Arbeidsoppgåver
- dagleg arbeidsleiing
- planleggje og organisere arbeidet innanfor arbeidsområdet
- vegleiie tilsette i sikkerhetsarbeid, også gjennom øvingar
- ta ansvar og kontroll i aksjonar, styre ressursar på vegne av leiar
- beslutningsansvar etter straffegjennomføringslova - og dokumentasjon av beslutningar, spesielt jfr straffegjennomføringslova §10a
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring innanfor fagfeltet
- erfaring frå saksbehandling etter straffegjennomføringslova
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- god fysisk form
- relevant leiarefaring eller erfaring som operativ leiar
- erfaring frå vegleiing av innsatte og kollegaer
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- i tråd med etatens verdiar
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- interesse for å arbeide med juridiske utfordringar
- resultatorientert
- god stressmeistringsevne
- tålmod, klare å halde hodet kaldt i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- tilgang på treningsrom, pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter), gratis parkering
- avlønning som 0265 fengselsførstebetjent i lønnstrinn 63 (kr 615 700 per år)
- for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare avlønning vurderast
- det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig