Sjukepleiar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Arbeidsstad
Austevoll kommune har ledig 95,13 % vikariat (med moglegheit for forlenging) som sjukepleiar i turnus med arbeid kvar 3. helg ved Austevoll po. senter.
Ansvars- og arbeidsoppgåver Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og medisinsk behandling/oppfølging til bebuarane vil vera nokre av hovudoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Sjukepleier ved Austevoll P. O Senter samarbeider tett med sjukepleiarane i heimetenesta, og ein deltek i felles vaktordning.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, og vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kjersti Søderberg, Mobil 95742486
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!