Miljøterapeut
Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut i Regionalt medikamentfritt tilbod ved DPS Vegsund.
Vi er eit tverrfagleg team som er samansett av psykiater, psykologspesialist, sosialfaglege, sjukepleiefaglege, musikkterapeut og fysioterapeut. Vi ønsker velkommen til ein fagleg dyktig og interessert medarbeidar som vil vere med i eit spennande og utviklande fagmiljø.
Pasientane i Regionalt medikamentfritt tilbod er pasientar med omfattande funksjonsnedsettingar på ulike nivå. Dei blir behandla i 8 vekers behandlingsmodular med eit intensivt behandlingsopplegg som består av medikamentfrie tiltak. Behandlingstiltak er: ISTDP, friluftsterapi, gruppeterapi, livsstyrketrening, yoga, musikkterapi, klatring, kroppsbevisstheit og styrketrening.
Pasientane blir rekruttert regionalt med innsøking frå spesialisthelseteneste.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Vi ber deg laste opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling. Koordinering rundt ein pasient
- Deltar/leier grupper for pasientbehandling i ulike grupper
- Deltar i friluftsterapi og klatring
- Delta saman med teamet i Regionale fora for medikamentfrie tilbod, med ev. rettleiing/undervising
- Undervising/rettleiing til pårørande
Kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg bachelor frå høgskule
- Erfaring og utdanning innanfor psykiatri og/eller andre relevante utdanningar er ønskeleg
- Gruppeterapi/erfaring er ønskeleg
- Bratt-kort er ønskeleg, men opplæring kan bli gitt
- Erfaring med friluftsliv er ønskeleg
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide i tverrfagleg team
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons-og samarbeidsferdigheiter
- Initiativrik, kreativ og positiv
Å vere personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.noArbeidsstad
Vegsundvegen 686020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4549661800
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal