Dirigent i Lesja og Dovre kulturskole - Lesjaskog skulemusikk
Dovre Kommune Administrasjonsavdeling
xxx, 2668 Lesjaskog, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Lesjaskog skulemusikk består av eit hovudkorps og ei gruppe aspirantar. Korpset har gjennom alle år vore ein viktig kulturaktør i bygda, og bidreg ofte under arrangement i lokalmiljøet samstundes som at dei arrangerer konsertar og turar sjølve. Undervisinga går føre seg på Lesjaskog skule.
Stillingstittel
Skolekorpsdirigent
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 27%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Hva vi ser etter
Vi vil gjerne ha din søknad dersom du· Har relevant musikkutdanning og har erfaring innanfor korpsverda.
· Har gode evner til å kommunisere med både elevar, føresette, korpsstyre og kollegaer.
· Er inneforstått med korpset og kulturskulen sine verdiar og haldningar.
· Liker å jobbe med barn, unge og vaksne, og brenn for å skape musikkglede.
· Har eit hjarte for korps og vil vere med å etablere eit godt miljø med trivsel og musikalsk utvikling.
Ønska kvalifikasjonar:· Høgare kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, tilpassa undervisningsoppgåvene for stillinga. Som minimum krevjast 3 års kunstfagleg utdanning. Krav om praktisk pedagogisk utdanning. Alternativt faglærarutdanning med minimum 120 studiepoeng kunstfag.
· Førarkort klasse B.
· Godkjent politiattest er eit krav for tilsetjing.
Personleg eignaheit vektleggast.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:· Dirigere og ha det musikalske ansvaret for Lesjaskog skulemusikk.
· Lære opp nye aspirantar i messing-, treblås- og slagverksinstrument.
· Vere med på styremøte, personalmøte, fagdagar og planleggingsdagar.
· Ta del på konsertar og førestillingar i korps- og kulturskuleregi.
· Planlegge godt og tilpasse undervisinga slik at alle kjenner på meistring og musikkglede.
· Kommunisere og samarbeide med styret i korpset, føresette og kulturskulen kontinuerleg gjennom skuleåret.
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg eit spennande arbeidsområde, med eit triveleg musikkmiljø, lønn etter avtale/tariff og køyregodtgjering. Elles gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Nærare opplysingar får du ved å kontakte Martine Haugen på tlf. 48 21 67 43 eller e-post: martine.haugen@dovre.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskule med Dovre som vertskommune. Vi tilbyr undervising i kunst og musikk, samstundes som vi samarbeider med fleire lag og foreiningar rundt om i kommunane, blant anna Lesjaskog skulemusikk
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855529
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0f96f179-d8d4-4f51-bef2-110f5ac3fe55