Pleieassistent, helg
Org. nr: - Stillingsident: 4288688136 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt jobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
Det er ledig 3 x helgestillingar à 13,15 % ved heimetenesten avdeling Ørskog med arbeid kvar 3.helg.
Stillingane er knytta til pleie- og omsorgsarbeid i heimetenesten og bokollektiv innanfor helse- og omsorg.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som er under helsefaglig utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi kan gje deg god opplæring!
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med mennesker.
- Pleie og omsorg for våre brukarar.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må vere fylt 18 år.
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Gode samabeids- og kommunikasjonsevner vektleggast.
Vi tilbyr
- Spennande og meningsfylt arbeid innan våre tenester innanfor helse- og omsorg.
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane våre.
- Studentar med relevant helsefagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
Kontaktinformasjon
Linn Evy Abelseth Søvik, Avdelingsleiar, 70165942
Jan Einar Klungreseth, Einingsleiar (Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt), 48271383
Arbeidsstad
Steinholtvegen 6
6240 Ørskog
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4288688136
Stillingsprosent: 13,15%
Engasjement
Startdato: 01.11.2020
Søknadsfrist: 12.10.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.