Rektor Sauland skule
REKTOR SAULAND SKULE
100 % fast stilling som rektor ved Sauland skule ledig frå 01.06.22.
Info om eininga
Sauland skule er 1.-10. skule for heile kommunen. Skulen har i dag 110 elevar. Leiinga består av rektor og 1 undervisningsinspektør.
Skulen jobbar aktivt med skuleutvikling. For tida har vi fokus på inkluderande læringsmiljø, Fagfornyinga og COS-skole. Alle elevane på skulen har eigen iPad, og skulen arbeider aktivt med iPad som læringsverktøy. Skulen er ein samlingsplass i bygda, og samarbeider med ulike instansar, som til dømes Hjartdal kulturskule. Sauland skule er ein praksisskule, og har mange studentar i praksis kvart år.
Sauland skule er ein MOT-skule og deltar i programma «Robust ungdom» og «Skulen som samfunnsbyggjar».
Arbeidsoppgåver
- Utvikle skulen som ein lærande og inkluderande organisasjon
- Utvikle skulen i tråd med statlege og kommunale føringar
- Ansvar for å vere ein god og attraktiv praksisskule
- Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar
- Personalansvar for dei tilsett ved skulen
- Sekretær for skulemiljøutval
- Samarbeid med ulike utval knytt til skulen
- Ansvar for MOT-programma ved skulen
Det er ikkje lagt undervisning til stillinga.
Kvalifikasjonar:
- Krav om relevant pedagogisk kompetanse
- Undervisningserfaring
- Vidareutdanning i leiing og/eller erfaring frå skuleleiing
- Innsikt i økonomistyring
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- Engasjement for å skape eit godt læringsmiljø og kultur for læring
- Evne til å inspirere og motivere dei tilsette
- Gode relasjons -, samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Gode vurderingsevner
- Initiativrik og løysningsorientert
- Sjølvstendig
- God serviceinnstilling og fleksibilitet
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Deltaking i kommunedirektøren si leiargruppe
- Leiarstøtte
- Engasjerte medarbeidarar
- Løn etter avtale
- Kommunen sine forsikrings- og pensjonsordningar
Spørsmål kring stillinga kan rettast til:
Kommunalsjef oppvekst og kultur Inger Øya Grøgård tlf. 948 21 895
Søknad med CV sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no via "søk på stilling" knappen på denne siden eller Hjartdal kommune, Servicekontoret, 3692 SAULAND. Merk søknaden med ref. nr. 22/49
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir søkjaren varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Søknadsfrist 06.02.22
Ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar eller vidareformidlarar av rekruttering/bemanning.
Om bedriften
Hjartdal kommune
Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord. Kommunen har ca. 1600 innbyggarar og er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår. Kommunen består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune med flott natur for opplevingar og friluftsliv.