Lærar i visuell kunst
Org. nr: - Stillingsident: 4243062338 Presentasjon av stillingen:
Kulturskulen i Vanylven kommune skal bidra til at barn og unge i og utanfor skuletida får utvikle sine sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke barn og unge sin sjølvtillit, og gje glede i livet. Kulturskulen har ansvaret for aspirantopplæringa for korpsa i kommunen i tillegg til eigen kjerneverksemd. Skulen har om lag 90 elevar og 12 tilsette. Undervisninga er i tråd med rammeplan for kulturskulen og opplæringslova, og går føre seg desentralisert, i borna sitt nærmiljø.
Kvalifikasjonar
- Formell kompetanse/utdanning innan kunst og handverk, og pedagogikk
- Arbeidserfaring/praksis frå kulturskule
- Anna relevant utdanning/erfaring
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- utviklings- og løysingsorientert
- god til å samarbeide
- omgjengelig, initiativrik og fleksibel
- sjølvstendig
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
-
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
-
God pensjonsordning.
Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Frode Vik, kommunalsjef, 700 30 005
Hanne Benedicte Drabløs, rektor, 97035396
Arbeidsstad
Kulturskulen i Vanylven
6143 Fiskå
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vanylven kommune
Referansenr.:4243062338
Stillingsprosent: 10,28%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Treng du fleire grunnar til å søkje deg til oss? Alle tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15% kvart år dei er i arbeid, maks kr. 28.000,- pr år (etter nærare retningsliner). I tillegg får nytilsette på fag- og høgskulestigen med under 4 års ansiennitet, starte med løn som etter 4 års ansiennitet.