Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4270330528 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på å forme, utvikle og yte gode tenester i open omsorg? Me i open omsorg, søkjer etter deg som er engasjert, dedikert, og ynskjer å yte trygge og gode tenester med høg fagleg kvalitet for brukarane våre.
I arbeidet vårt, får du møte pasientar i alle aldrer og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får moglegheita til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren høgare livskvalitet og høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/tiltak.
No søkjer me etter ein sjukepleiar i 76 % stilling. Stillinga går i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg.
Stillinga er fast, 76 %. På sikt kan det verte mogleg å auke stillingsstorleik ettersom me er i startfasen på eit prosjekt der me skal over på kalenderturnus og samstundes auka grunnbemanninga. Målsettinga med dette prosjektet er at me skal kunne løyse vikarbehov med eigne tilsette og at dei som ønskjer det skal få full stilling.
Arbeidsoppgåver
- Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
- Kartlegge sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
- Arbeide tverrfagleg og dele di fagkunnskap
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste
- Gode grunnleggjande datakunnskap
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon
- Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Fast 76 % stilling
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa
- Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsliv
- Løn etter kommunalt regulativ
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Birthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, 918 22 616, birthe.tveit@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Kommunalsjef helse- og sosial, 976 57 601, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Open omsorg
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4270330528
Stillingsprosent: 76%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.