Sjukepleiar 100 %
Om stillinga
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjer spanande moglegheiter? Vi har ledig 100 % fast stilling! Vi ser etter deg som har lidenskap for omsorg, og som ønskjer å gje gode tenester til brukarane våre. Med ein todelt turnus og arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg får du fleksibiliteten til å balansere arbeid og fritid. Du vil vere ein verdfull del av vårt team som gjev essensielle helse- og omsorgstenester til brukarar som bur i eigen heim. Utførte tenester må dokumenterast i Profil. Saman med eit tverrfagleg lag både internt i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta vil du bidra til å tryggje brukarane si totale velferd.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar.
Om avdelinga
Avdeling Knarvik Nord Aust heimeteneste har base i Geco-bygget i Knarvik. Du vert ein del av eit tverrfagleg lag beståande av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar, som alle bidreg med si høge kompetanse til vårt felles mål: å gje brukarane våre gode tenester. I tillegg til ordinær heimeteneste har avdelinga ansvar for team kring brukarar med behov for heilkontinuerleg oppfølging. Vi har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Vi er eit tenesteområde i vekst, og har dei siste åra fokusert på velferdsteknologi for å gjere kvardagen enklare både for brukarane og for deg som skal gje omsorg og utføre tenester. Vi har eit dyktig og samarbeidsorientert team som set pris på kvarandre si kompetanse og erfaring.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Kven er du?
Vi ønskjer ein inspirerande og engasjert sjukepleiar som er god til å kommunisere og skape relasjonar med brukarar, pårørande og kollegaer. I ein travel kvardag klarar du å prioritere, finne løysingar, og vere påliteleg og fleksibel. Som sjukepleiar er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du trivst med å ta ansvar og arbeide sjølvstendig, samstundes som du verdset samarbeid og laginnsats. Som kollega har du evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø, og kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Om bedriften
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger, Ostereidet og Lindås driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.