Er du vår nye helsesjukepleiar?
Helsestasjon- og skulehelsetenesta søkjer ny medarbeidar i 100 % mellombels stilling.
Om arbeidsplassen
Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Fjell har eit stort fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring og ikkje minst, eit godt arbeidsmiljø. Tenesta har fokus på psykisk helse, tidleg intervensjon og førbyggjing.
Hovudoppgåver
•Konsultasjoner på helsestasjon 0-5 år
•Arbeid i skulehelsetenesta
Kvalifikasjonar
Må ha
•Autorisert sjukepleiar
•Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
•Hovudutdanning innan helsesjukepleie
Personlege eigenskapar
•Evne til godt samarbeid og samstundes arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta
•Fleksibel og løysningsorientert
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Vi tilbyr
•IA bedrift
•Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
•Interessante utfordringar
•Høve til fagleg og personleg utvikling
•Fleksibel arbeidstid
•Treningsavtale
•Gode pensjons- og forsikringsordningar
•Bedriftshelseteneste
Generell informasjon
Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Arbeidsstad
Arbeidsstad:Straume helsestasjon
Adresse:Blombakkane 2
Postnummer: 5343
Poststad:Straume
Heimeside:www.fjell.kommune.no
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon:55096810
Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linken SØK HER .
Pålogging og førhandsutfylling
Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.
Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.
Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.
Søknadsfrist
01.04.2019.
Kontakt
Leiande helsesjukepleiar Berit Algrøy tlf. 90678053/55096807
Om bedriften